Skarps solidaritetsfond

Postet av Idrettsforeningen Skarp den 22. Jan 2020

Vi kan alle ha perioder i livet der det er vanskeleg å få pengane til å strekke til. I slike situasjonar er vi i Skarp opptatt av at det ikkje skal hindre barna våre å delta i idrett.

Derfor har Skarp oppretta eit solidaritetsfond. Fondet kan gje støtte til barn og ungdom mellom 5 og 19 år som er medlemmer av IF Skarp eller vurderer medlemsskap.

Du kan søke dette fondet om hjelp til:
• kontingenten til Skarp
• heil eller delfinasiering av deltaking på turneringar eller liknande (vanlegvis begrensa til 500 kroner, unntak kan gjerast).
• Heil eller delfinasiering av naudsynt treningsutstyr. (vanlegvis begrensa til 500 kroner, unntak kan gjerast)

Du sender søknaden til solidaritetsfondet@ifskarp.no 

Søknaden må innehalde
• Namnet på barnet/ungdommen
• Grunnen til at du søker
• Kort om korfor du treng hjelp
• Kva du søker om

Alle opplusningar blir behandla konfidensielt, og styret i solidaritetsfondet har tausheitsplikt.


Skarp set av 5000 kroner til Solidaritetsfondet kvart år. Det kan vere litt lite for å sørge for at alle våre barn og ungdomar kan delta i fotballen.
Dersom det er mogleg for deg å bidra til fondet kan du vere heilt sikker på at kvar einaste krone går til å sørge for at alle kan delta i IF Skarp.
                                                                  Vipps di gåve til 582007


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline